tirsdag 16. september 2008

Full fart!




Dei siste vekene har vore begivenheitrike. Matias veks meir og meir for kvar dag som går, og kvar dag byr på nye ting. No kryp han nesten, klarer nesten å sette seg opp sjølv, og seinast i går, reiste han seg oppetter leikekassa. Plutselig sto han der å fryda seg, tydleg stolt over det han hadde klart.


For eit par dagar sidan rydda eg vekk alle klede som har blitt for små, og det var ein heil del. Str.50 brukta han aldri, og det var berre eit par veker, så var 56 også for lite. No er det 74 som er tingen. Ganske vemodig å sjå alle kleda som er for små. Var han noken gang så liten? Kan nesten ikkje huske det.


Men for all del, denne tida er knall morsom! Hjertet mitt fløymer over av stoltheit for kvar nye ting han lærer seg, og det er godt å sjå at han utviklar seg slik han skal. Berre han ikkje blir stor altfor fort, lissje vennen min.





Eit av dei største glisa han har. Og desse får vi servert heile dagen.












Har vore på kaninjakt. Ganske fornøgd med fangsten.











Driv å trener seg på å sette seg opp. Litt ustø enda, men det kjem seg for kvar dag.

Ingen kommentarer: