søndag 19. oktober 2008

Ein tur ut i hausten...

For å fordrive litt tida før leggetid idag, kledde vi på oss varme kle, og gjekk ein tur ned i hagen. Vi tenkte vi skulle få eit siste glimt av hausten, før vinteren kjem. Var ikkje mykje blad igjen på treda, men på bakken derimot...(!)


Så spennande å krype i graset. Men var litt vått og kaldt! Godt vi hadde på oss tjuke og gode vinterkle



Sassy måtte sjølvsagt vere med ,å ho storkosa seg når ho fikk leike med Matias


Ein pust i bakken må til etter eit par turar rundt om i hagen. Måtte stoppe omtrent kvart sekund. Var så mange fine blad å kike på!

Kjemper til siste slutt.. Den einaste blomsten som var igjen i hagen vår. Ikkje at eg kan skryte av at der var så mange før heller. (Ikkje planlagde iallefall)

Fin farge på rognebæra enda.

1 kommentar:

Randi Kristine sa...

koselig:D:D ej me he blogga!