lørdag 22. november 2008

Det første møtet med noko kaldt og kvitt....

Til irritasjon for mange, til glede for mange, og for andre, noko heilt nytt, og veldig, veldig spennande. Vi tok oss ein tur ut i snøen tidleg idag. Det hadde så vidt rukke å bli lyst, og klokka var ikkje meir en 9.(ja, vi er morgonfuglar)
Dette vart Matias sitt første møte med noko kaldt og kvitt, og han var i ekstase! Hylte og lo, og prøvde så godt han kunne å holde seg oppe, men godt innepakka i ull frå topp til tå, og ein tjukk bobledress, var det ikkje så enkelt.
Dette var ikkje så enkelt. Matias er til vanleg(inne, utan dress) i farta heile tida, men ute i snøen vart han ganske hjelpeslaus, pakka inne i en tjukk, varm dress.
Blid og fornøgd, som vanleg. Det er kjekt med snø!





3 kommentarer:

Randi Kristine sa...

søting:D i jula må me ta nå med oss å renne akebrett:D lage skikkelig bob-bane sann som ej å du og pappa gjorde for lenge lenge sida!

Livets landeveg sa...

jaaa, de skal bli so kjekt! :D gleda mej veldi til de! krysse fingrane for masse snø i jula :)

Astrid sa...

Så skjønn han er vesle Matias'en dokka også:)
Når det gjelde finaste stad på jord, så er det vel ofte slik at ein synest best om sin eigen heimstad/bardomsheim:) Så eg forstår egentlig godt at du synst Vatne er finast, sjølv om eg synst noko anna;) Vi er begge heldige som har fått vekse opp så fritt og fint i alle fall! Har dokke planar om å bygge og bu på Vatne forresten? Hadde vore SÅ kjekt om det vart fleire ungar på Dalane!!!