fredag 21. november 2008

Jakten på julekleda...

Eg begynnte tidleg. Tidleg i oktober eigentleg. For eg tenkte at for ein gong skuld skulle eg vere tidleg ute. Som regel er eg altfor sein med å få med meg kva som er på moten, og dermed for sein til å vere moteriktig.
Men denne gongen var det ikkje eg som skulle ha meg julekle, og det handlar eigentleg ikkje om mote heller denne gongen. Det var nemleg Matias som skulle fornyast. Det er den første jula, noko eg gler meg veldig til, og eg vil sjølvsagtat han skal ha søte, fine kle. Men er det å oppdrive? Nei!
Det er visst meininga at gutar på 0-1 år skal ha på seg joggedress julafta, og ellers andre "pyntedagar" i jula. For det einaste eg fann var joggedressar med Mikke Mus, grufulle ugler osb. Så gjekk eg meg bort på eit stativ med dressbukse, jakke og vest. Det rett jubla inni meg, og eg tenkte at ENDELIG, der fann eg dei perfekte julekleda. Og eg begynte å leite etter størrelse 80, og eg leita og leita og leita.. einaste som var der var 86. Så eg gjekk til kassa for å spørre om dei hadde i 80. "Neeeei, trur ikkje de. Dei laga ikkje slike klede til sooo småå unga"
Heldigvis for meg, har eg ei bestemor som er ein meister i å sy, så ho skal sy ein vest til Matias. Og vidare er eg så heldig at mamma tok turen til sparkjøp, og der fann ho dressbukse og skjorte.

Men likevell, eg kjenner eg vert sint! Det er vell ikkje så vanskeleg å forstå at vi som har gutar også vil pynte dei litt av og til? Klart, der er mange søte bodyar, bukser og diverse vestar og genserar, men det er ikkje det eg vil ha. Eg er vell eigentleg ikkje så storkrevande, er eg?

Dette var vekas utblåsning. God helg til dokke alle!:)

5 kommentarer:

Dagfinrud Moe sa...

Arti at du skreiv ditta akkorat i dag, for ej he vore på Moa, og der kjøpte ej dressbukse, vest og kvitskjorte med sløyfe te nå Marius. Va på leiting ette finklede te jul, og dei hadde i heilt små str. der ej kjøpte, og d va på H&M.

Livets landeveg sa...

hmmm, då må ej på moa snarast!!

Anonym sa...

hehe, artig å sjå bloggen din. Måkje verte so amper, Guten oppdaga sikkert tidlig nok at skjorte og dress e tingen ;-)

Anonym sa...

Gjekk litt fort i svingen her, vakje planen å vere annonym

Livets landeveg sa...

koselig at du e innpå å kika! :)ja, de for ej virkelig håpe :)