torsdag 6. november 2008

Treng du å drøyme deg bort?

Har du behov for å drøyme deg bort? Til varmare strøk? Eller til "gamle" dagar, då det ikkje fantest mobil, tv, og datamaskin?


Eg hadde eit slikt behov for ei veke sidan. Eg var lei av regn og vind og eg var lei av telefonselgarar som ringte heile tida. Redninga var ei bok. Men ikkje berre kva som helst salgs bok, men ei av dei mest fantastiske bøkene eg nokon gong har lest, nemleg Øya, av Victoria Hislop.




Boka handlar om øya Spinalònga utanfor nordkysten av Kreta. Dit vart mange med Lepra(spedalskheit) sendt i åra mellom 1903 og 1957. Eg vart invitert inn i livet til dei som budde på øya, og til familiene som vart splitta pga sjukdom. Mest av alt vart eg fasinert av landet og tradisjonane. Sjølv om eg ikkje var der, kunne eg sjå for meg korleis det såg ut inne i husa, og korleis folka såg ut. Spinalònga har eg faktisk sett, ein gong for lenge sida, og dei få bilda eg har av øya, bygde eg vidare til eg såg for meg akkurat korleis der såg/ser ut. Inne i mitt hovud er der fantastisk!

Boka handlar rett og slett om å finne seg sjølv, og om å vere stolt av si eiga familie og opphav.

Treng du å drøyme deg vekk ein kald novemberkveld, så anbefaler eg å lese denne boka.

2 kommentarer:

Dagfinrud Moe sa...

Heisann! He lagt ut ei lita utfordring til dej på bloggen min ej;-)

Livets landeveg sa...

oi, spennande! :) kor snillt!