søndag 28. desember 2008

Julafta

Julafta er godt overstått for denne gong, og vi sitt att med mange gode minne, og mykje fine bilde. Som vanlig er eg litt treig med å legge ut bilde og diverse, men her kjem i allefall litt frå julafta. Juletreet og julepynten var veldig spennande. Besta er heldigvis ikkje så streng, så Matias fikk lov å kjenne litt på pynten.
Ei lita kose-stund på mamma sitt fang. Matias har hatt besøk av dei 3 S-ane denne jula (snørr, slim, og slev), hatt litt feber og generelt i dårlig form, men no er han heldigvis betre.

Sjølv om forma ikkje var på topp, var han i storform då dei store pakkane vart "lempa" inn døra.


" Soooo store pakke" Ein av mange pakkar!Vår lille familie. Var ganske spesielt å vere Mamma denne jula. I fjor var eg nesten høg-gravid, og kunne så vidt sjå på juleribba før kroppen begynte å samle vatn. I år kunne eg ete det eg ville, og det kjekkaste av alt, var sjølvsagt å få sjå kor glad Matias var over å få vere ilag med alle sammen, og kor han glad han vart når han fikk tygge på litt papir og band ;)
Ha ei fortsatt god jul!

Ingen kommentarer: