torsdag 25. desember 2008

Kveldssong til Matias

Kveldssong til Matias

Sol gjekk ned bak dei mørke fjell.
Snart er dagen over, no er det kveld.
Kvil deg no, du min vesle skatt.
No skal barnet sove, snart er det natt

Sov, mitt barn.
No er det mørkt der ute.
På di vesle pute
er det trygt og godt.
Sov, mitt barn,
ein engel passar på deg.
Gode ting skal nå deg
i den nye dag

Sov godt


Månen lyser på jorda ned.
Tusen stjerner blinkar, no er det fred.
Dagen søv bak den mørke sky
til den lyse morgon, vaknar på ny.

Sov, mitt barn.
No er det mørkt der ute.
På di vesle pute
er det trygt og godt.
Sov, mitt barn,
ein engel passar på deg.
Gode ting skal nå deg
i den nye dag

Sov godt


Sov så stilt i di vesle seng.
Enno kviler fuglen under sin veng.
Snart kjem dagen og sola skin.
Ut til leik og glede, Dagen er din!

Sov, mitt barn.
No er det mørkt der ute.
På di vesle pute
er det trygt og godt.
Sov, mitt barn,
og snart du ligg og drøymer.
Natta berre gøymer
på den nye dag.

Sov godt


Denne songen har Pappa (bestefar til Matias), laga til Matias. Songen, fekk Matias i julegave. Sin heilt eigen vuggesang. Songen hadde Elise (tante Elise) spelt inn i studio.

Dette er den finaste songen eg nokon gong har høyrt. Matias sin song.

Forløpig er det berre teksta, men eg skal legge ut både tekst og melodi seinare. Nyt teksta i mellomtida.

Ha ei fortsatt god jul!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Guri kor flott! Gleda mej til å høyre melodien. Og for ei kosele julegåve då, dinna verte nå et fint minne for nå Matias når han vekse opp.

Livets landeveg sa...

ja, ej synst den e heilt fantastisk! ej hylskreik omtrent gjennom heile sangen ;) rørt til tårer ;)

Reidun sa...

Åhh for ei nydeli tekst. Utruli flotte julegave - som vare evig:)

Gratulere me spaseringa:) skikkeli flinke kar:)
Sigrun Viktoria lærte kunsa ho me. Om kvelden ette vi kom heim frå dej, spaserte ho over golvet me et leikestativ. Dagen ette fikk ho sej spaser-vogn..So no frese ho runt;) So han Matias va fole flinke læremester den dagen;)

GOD JUL vidare:)

Livets landeveg sa...

Ja, tårene trilla den kvelden :)
Hehe, kor artig da, flinke e ho vertfall :) skal bli kjekt me barseltreff igjen no!

God jul vidare til dokke også :)