mandag 12. januar 2009

Kvardag..

Kvardagen innhenta oss først i dag. Vi har vore mykje sjuke i det siste, og forige veke var intet unntak. Matias har hatt høg feber omlag heile jula, og etter nyttår fikk han omgangssyke. Smittsom som den er, skulle det noko til at eg og Sigbjørn ikkje vart smitta. Så mandag låg eg rett ut, og Sigbjørn måtte vere heime frå jobb. Tirsdag var han også sjuk, så då låg vi rett ut alle 3. Matias hadde i tillegg høg feber, rundt 40, så vi var til doktor, men det var "berre" eit virus.


No er vi heldigvis friske, og Matias har vore feberfri 2 dagar. Men vi har fått beskjed om å isolere oss litt, så det blir rolege dagar inne på oss 2. Litt kjedelig, men heller det enn fleire økter med feber og oppkast.


Jula klarte eg å rydde ut på Tirsdag, då var eg lei av dei tunge og mørke gardinene, og ville henge opp nye, lyse, vårlege gardiner. Kjenner det er litt godt å sjå mot våren igjen, ei lysare tid.


No går vi berre å håper på at vèret skal bli betre, slik vi kan komme oss ut å trille litt igjen!


Ønsker alle ein fin dag vidare:)

2 kommentarer:

Solveig sa...

Off! Sjuke dokke me ja.. No he vi me fått det her! E so kjedeli!!! å ej høyre de e ei sånn sjuke so en ikkje blir kvitt so lett heller.. Men men, e no lov å håpe at det berre va ho Adele so fekk de.. Ho spydde berre i natt. Men he diare å feber...
Jaja.. bra dokke e bedre då.. :)

Randi Kristine sa...

bra at dokke e friske endelig:D rart at ej he vore her over ei veke allereide! til helga skal me ha fjorårstreff, verte spennande å sjå ka folk som va her i fjor:P
No passa snoopy buksa me:D han va kjempefine i den:D:D