lørdag 24. januar 2009

oppussing pågår..

Etter mykje om og men, og etter diverse lekkasjer, har vi endelg komt igong med oppussing av huset. I utgangspunktet skulle vi berre pusse opp stove/kjøkken og badet. Men pågrunn av lekkasje i taket på stova, måtte vi rive veggen mellom stova og soverommet. Og når den først var vekk, fann vi ut at vi tek å lagar til kjelleren i samme slengen. Så no bur eg og Matias fram på Vatne, noko vi mest sannsynleg kjem til å gjer i eit par månedar framover.

Oppussinga vart litt meir omfattande enn vi hadde belaga oss på. Veggane på badet må skiftast(yttervegg, reim osv) på grunn av lekkasje på badet. Dette er tidkrevjande og ikkje minst kostbart. Vi skal også flytte toalettet inn på sjølvet badet(vi har hatt toalettet på eige rom før), og vi skal også ha badekar, og nye fliser på både golv og vegger.


Kjelleren held vi på å forberede til støyping, og etter det vert den innredt i 3 soverom, gang og bad/vaskerom. Alt dette må gjerast før eg og Matias kan flytte heim, sidan vi no ikkje har soverom lenger. Så vi har mykje arbeid framfor oss, men når vi først får flytte heim, vert det som eit heilt nytt hus. Totalrenovert!
Stova før. Ganske rotete, dreiv å pakka ned alle tinga våra.
Stova no. Taket vert flatt, endeleg!!
Inn til venstre var soverommet vårt. Veggen der skal vekk, slik at stova vert større.
Veggen på badet. Mykje råte, og ein del ekkelt på veggane.




Arbeidskarane. Matias var litt forundra. Trur ikkje han visste heilt kvar han var.

3 kommentarer:

Solveig sa...

Oj! Her he dokke jobb ja!!! Herlihet... men tenk kor bra de verte når de blir ferdi! :) Masse lykke til! Her e vi sjuke ENDA! Men dokke fe ta dokke en tur en dag viss de passa sej for dokke opp i all opp-pussinga so dokke he framover.. :)Å når vi endeli e friske.. :)
Ha en fiiin søndag!
klem :)

Ingrid sa...

Ojsann! Ikkje bra. Men fe sjå det på en positiv måte også:) Fe jo vere litt heime på vatne også då:)

Randi Kristine sa...

oioioi! litt av ei forandring! gler mej til å sjå det ferdige resultatet:D å so kan ej selvfølgelig hjelpe til litt når ej kjeme heimatt:D