lørdag 3. januar 2009

Snøleik..

Julesnøen kom ei veke for seint i år, desverre. Eg hadde håpa på vi skulle få snø før julafta, men den gong ei. Men då snøen kom, var det endelig tid for den første akebrett-turen
Første gongen på akebrett. Litt skummelt, men då var det kjempe godt at besta passa på. Akebrettet er foressten mitt, som eg fekk då eg var ganske så lita. Rosa, sjølvsagt! Fungera kjempe fint enda, men hadde litt problem med å svinge, fordi rattet hadde rusta fast. Å så hadde det krympa noko voldsomt dei åra det har "kvilt" seg i garasja ;)

Kose litt ute i snøen. Matias var ikkje heilt komfortabel med å sitte i snøen, så det vart mykje bæring. Men det taklar eg fint, ikkje værst å ha verdas beste gullklomp på arma.

Matias såg langt etter onkel Robin, som susa avgårde på akebrett. Gjett om denne guten ser opp til onkelen sin!

Gullklumpen min. Vi har runda 10 mnd no. Ufatteleg kor fort tida går!

3 kommentarer:

Solveig sa...

Hei! :) Hadde vår veldi koseli å treffes ja.. :) Berre å sei frå! Søndaga bruka no å vær litt kjedelige! So då kunne me tatt å leika litt en dag.. :) Frank helde utdrikkingslag t en kompis idag, so veit kje kor forma hass blir i morga, men viss han e oppegåande so kasnkje vi kunne ha funne på nåke.. :)

Gulla sa...

Hei hei :)
Koselig Blogg du he!
He lagt dej til på lista vår :)
Kor store å flinke han he vorte! :)

Solveig sa...

Vi prøva neste søndag då kanskje ja.. :) Dinne søndagen vart kje de nåke me oss uansett so. Frank va passe redusert ette utdrikkingslag i helga.. hehe.. :)