fredag 16. januar 2009

Tryggheit..

Mange gongar, sit eg å tenkjer på dei tinga som gjer at eg føler meg trygg og glad. Varme, gode klemmar,smil, ei kosleg SMS, sol, god mat, ein trilletur ilag med nokon eg er glad i, Sigbjørn, Matias, Mamma og pappa, søsken, dyra mine... Og idag fikk eg tilbringe litt tid i eit hus som osar av tryggheit. Tryggheit, glede, varme, klemmar, mat, og sjølvsagt dei to personane som bur der, Bestemor og Bestefar.
Heilt sidan eg vart fødd, har det huset vore trygt og godt. Det var min første heim, og etter vi flytta, låg huset berre eit par meter ifrå. Eg var der etter skule, og fikk heimelaga skive med nugatti på, medan eg venta på at mamma og pappa skulle komme heim i fra jobb.

Idag var eg så heldig at eg fekk vaske huset, og samstundes prate og mimre ilag med bestemor og bestefar. Heimelaga skive vart servert, men utan nugatti denne gongen ;) Og denne tida trengte eg. Det var så godt å sitte der å snakke, akkurat slik vi gjorde før.

Det er ingen som kan samanliknast med desse 2. Begge fantastiske på kvar sin måte. Bestefar er tullete og god, og har alltid ein vits eller 3 på lager. Bestemor er kjærlig og forståelsesfull, og raus med klemmar. Det er vell ikkje så rart at det var dit eg "rømmte" då eg var mindre.

Sjølvsagt føler eg meg trygg i barndomsheimen min, og her heime også, men det er noko spesielt med huset til bestemor og bestefar. Og det er noko spesielt med besteforeldre.

Det er svært tvilsomt at dei kjem til å lese dette innlegget, men eg vil likevell sei kor ufatteleg glade eg er i dei. Dei er ubeskrivelege. Og eg sett veldig stor pris på dei.

Ingen kommentarer: