søndag 15. februar 2009

Børsta støv av ridehjelmen

Hestedilla ramma meg hardt i 10-11 års alderen. Og eg maste, trygla, ba på mine kne, om eg værsåsnill kunne få en hest. Då eg var 13 år, ga mamma og pappa endelig etter, og 17 juni, på 13- årsdagen min, fekk eg/vi ein nydelig flott, men sta islandshest med navnet Von. Lykke! Etter dette har fleire hestar fått husly her på Vatne. Fengur, som er min hest, var nr 2. Så kjøpte vi Bera og Skella eit par år etter. Bera var på det tidspunktet drektig, og avkommet fekk navnet Eir. Så då hadde vi 5 islandshestar.


Desverre begynte hestedilla å forlate meg på den tida, og no ville eg ikkje meir. Heldigvis for hestane hadde Elise fått interessa, så no kunne ho stelle med dei.


Men no har eg børsta støvet av ridehjelmen, leita fram den gamle ridebuksa, og plassert rumpa godt nedi salen igjen. Og det var kjempe deilig!

Her er eg og Fengur på ridetur idag. Ridebuksa er falma,og jakke er eit par nummer for stor, men både hesten og teknikken fungerar enda. Ufatteleg deilig å komme seg ut å ride igjen. Nyte naturen, og tenkte tilbake på gode, gamle dager.

Ingen kommentarer: