onsdag 25. februar 2009

Vesle skatt...

I dag er det eitt år sidan vi møttes. Eg har hatt ein klump i halsen lenge no. Har lyst å gråte, men får det ikkje heilt til. Tenk at det er eitt år sidan. Det verkar så mykje lengre, men samtidig så er det nettopp. Kjennes som om eg har kjendt deg heile livet, og eg kan ikkje huske livet utan deg. Og ikkje vil eg huske det heller. Kvifor huske livet før det vart fullkomment?


Vi har opplevd mykje det siste året. Våkenetter, frustrasjon, gråt, men mest av alt glede, latter, smil,meistring. Eg har venta i spenning på kvar nye ting du har klart, krype, sitte, gå. Og ikkje minst første gongen du sa "mamma". No kjem orda som perler på ei snor, og du spring omkring på golvet. Du har vokse deg stor og sterk. Du er blid som ei sol,og ein liten luring. Og mykje vilje er det i vesle kroppen. Du er så flink til så mykje, og mamma er så ufatteleg stolt av deg.

Sjølv om eitt år har gått, så har eg ikkje gløymt 26 februar 2008. Minna frå den dagen gøymer eg i hjartet mitt. Dei minna er skattane mine, akkurat slik som du er skatten min. Du var nydelegare enn eg hadde drøymt om. Så liten,så varm og god. Så fantastisk fullkommen. Og det beste av alt var at eg fekk kalle deg sonen min, min sin. Lukta di, ansiktet ditt, den mjuke huda di. Oss 2, bundne saman for alltid, ikkje lenger av ein navlestreng,men av kjærleik.

Eg elskar heile deg,skatt, kvar ein millimeter. Og kvar dag takkar eg for at du er sonen min.Perfekt på alle måtar. Fantastisk fullkommen. Den nydelegaste i verda, og den eg ikkje klarar meg uten.

Gratulerer med dagen din Matias, håper dagen din vert fin, og at du får alt du ynskjer deg. Ikkje berre i dag, men resten av livet.

3 kommentarer:

Solveig sa...

Ååå.. vart helt rørt her ej!!
Skikkeli klomp i halsen!
Flinke du e å skrive... ;)
Håpa alt står bra til.. ;)

Fagerborg sa...

Nååh...sitte her me tåre i auene. Ditta va utrule fint skrive, og en go beskrivelse på ekte morskjærleik. Kjende at d traff mej midt i hjerte alt sammen. De e no sånn d følest å vere mor!
Gode, store gut han Matias som he fylt 1 år. No e d snart Marius sin tur...og ej veit ikkje om ej gler eller grur mej te den dagen ej helder...men han kjøme no uansett, so...

Livets landeveg sa...

Takk skal dokke ha begge to.

Anette:
Dagen kjeme (desverre?) Ej va ikkje klar. Traff mej midt mellom augene, men som alt anna blir de sikker en vane. rart me alt nytt, han va jo nettopp nyfødt!