søndag 5. april 2009

Vår?

Lørdag var ein skikkelig fin dag!Sola skein og det var varmt og godt ute. Formiddagen vart brukt til oppussing, medan Bestemor Edith passa Matias. Noko som var veldig godt for oss, og det var også kjekt for Matias å få litt kvalitetstid ilag med bestemor. Seinare på ettermiddagen kosa vi oss ute på altanen i det herlige vårvèret.
Noko av det eg har gleda meg mest til, var at Matias skulle bli så stor at han kunne leike seg ute i sandkasse osv. Igår leita vi fram ein stor bil, som Robin alltid har kalla "Ole Martin bile". Ole Martin bilen er ein bil som søskenbarnet vårt, Ole Martin hadde då han var liten, som Robin var så heldig å få låne, og sidan den tid har bilen vore her framme på Vatne. Og i går var det endelig Matias sin tur.
Bilen har nok sett sine beste dagar, men den fungerar fortsatt heilt fint. Til tross for at døra ikkje vil heilt igjen og at den ikkje lenger er like "fin i lakken"
Stor fornøgd! Dette var kjempe kjekt. Herlige, vesle, skatten vår!
Til slutt måtte vi leite fram litt sandkasse-leike. Men sidan sandkassa mangla sand, og heller var full av gras, mold og kattelort, måtte vi leike på altanen. Og det fungerte alldeles utmerket!

1 kommentar:

Solveig sa...

Hei! Ja, sant?.. flinkisen min.. ;) Du veit no kor ditta e.. verdens kryaste! ;)
Ha vår kjekt å treffes ja.. Men rart med det kor dagane, å spesielt helgene flyge... Men ska nok få det til en dag! :) Kor det går med huse dokka da?? Venta spent på bilde å oppdattering her.. ;)