søndag 14. juni 2009

Platanias Juni 2009

Eg og Matias var så heldige å få vere med mamma, pappa og Robin på ferie i år. Og turen gikk til Platanias på Kreta. Vi reiste lørdag 6 juni og kom heim igår. Eg hadde grua meg skikkelig til flyturen, ikkje fordi eg trudde Matias skulle vere vanskelig, men fordi eg har en grusom flyskrekk. Men turen gjekk fint, til tross for svært mykje turbulens.

Robin var gullverdt på flyet. Han underheldt Matias, slik mitt og mamma sitt fang fikk litt pause frå all hoppinga :)

Her sit vi på altanen på hotellet, berre ein knapp time etter vi kom fram. Matias var trøtt og sliten etter ein lang tur. Han sov ikkje på flyet, han var altfor opptatt med å prate med alle som gjekk forbi.

Kjekt og bade! Badebassenget var rett nedanfor altanen vår, så det kjekkaste han visste var å stå å kike ned på dei som bada. Litt plasking må til. Godt å kjøle seg litt ned.

Matias fikk seg ein "badebil". Var kjempe stas! Det første Matias sa kav morgon når han vokna var : Bade? Bade? Badeeeeee?! Så ingen tvil i at denne guten er ei badenymfe.

Vi kosa oss på stranda kvar dag. Der var det litt vind, og Matias sov så godt når han fekk sovne til bølgene. Dessutan trengte vi å ha litt å kjøle oss ned på, for med over 30 grader i skuggen kvar dag, vert ein fort litt sveitt og klam!
Uendeleg lang sandstrand. Var ikkje noko særlig å komme tilbake til kalde Norge. Kunne gjerne ha vore i Platanias i 1 veke til.


Litt nammenamm må til. Og Matias er sta og kranglar seg til det meste, så vannmelon må han sjølvsagt ete med kniv og gaffel. Er ikkje noko å sei på viljen i allefall!



Kjempe godt med is! Eg fekk dilla på Bounty-is. Kokkosis med mango og papaya. Den var berre heilt fantastisk god!


Og det syntest Matias også. Ikkje snakk om at eg skulle få kose meg med den utan å dele med han. Men kven vil vell ikkje dele med ein slik gullklump? :)
Vi har hatt ein kjempe flott tur! Tusen takk til mamma og pappa som spanderte tur på oss! Vi har kosa oss kjempe mykje ilag med dokke.

1 kommentar:

Astrid sa...

Lett å forstå at dokke har kosa dokke på tur:)
Herleg!
No ventar vi berre på at sommaren kjem hit til Vatnevatnet og Dalsvatnet;)
Ha ei fin veke!