Ungar har ei fantastisk evne til å gjere noko lite, om til noko stort. Sjølvsagt både på godt og vondt, men eg snakkar om evna dei har til å kunne glede seg over noko lite. Det fasinerar og overraskar meg like mykje kvar gong. Ting som eg tek for gitt, som å oppdage att favoritt-leike-bilen har frontlys, gir Matias ei slik ubeskrivelg glede, og han kan sitte i timesvis(nei, det er å overdrive, men i allefall i minutt) å studere den nye oppdagelsen.
Idag bestemte vi oss for å gjere noko lite, om til noko stort. Vi kledde oss i regnkle, satte oss i bilen, å kjørte ut på Rjåneset. Med oss i bilen hadde vi ei fiskestang, litt niste, og sjølvsagt Sassy.
Det er ikkje mykje, men det er nok for ein liten gullklump(og for ein stor gullklump) Vi tok med oss "pikk-pakket" vårt ut på dei mange bryggene og svaberga, for å prøve fiskelykka. Matias brydde seg ikkje mykje om sjølve fiskinga, men syntest det var storstas å få leide Sassy i band, og å få plukke litt på diverse steinar rundt omkring. Vi fekk ein fisk til slutt, til stor glede for den største gullklumpen, og sjølvsagt for den minste gullklumpen også. Han har aldri sett ein levande fisk før(bortsett frå akvariumfisk), så dette var storstas. Han "ååå`a" og "oi`a" og ville prøve å klappe den nye oppdagelsen sin.
Eg er ikkje flinke til å bruke naturen kring meg, men eg skal verte flinkare! Og eg skal også vere flinkare til å sjå gleda i dei små ting. Heldigvis har eg ein flott læremeister!
Eg er ikkje flinke til å bruke naturen kring meg, men eg skal verte flinkare! Og eg skal også vere flinkare til å sjå gleda i dei små ting. Heldigvis har eg ein flott læremeister!
2 kommentarer:
Der fann ej igjen bloggen din :) Nååh for en gogut!! Kjempesøte
Godinga :-) Oppdatering på tide no SynN! :-)
Legg inn en kommentar