mandag 17. august 2009

Eg skal ikkje skryte på meg at eg er flink til å bruke naturen rundt meg. Eg kan også heilt ærlig innrømme at eg oftast er inne å ordnar og ryddar, i staden for å gå ut på tur. Men i det siste har eg funne gleda ved å vere ute i "det fri". Eg frydar meg over gleda til Matias når han forstår at vi skal ut å leike oss. Det treng ikkje å vere avansert leik, berre ut å spade litt i grusen, eller plukke litt små-stein i hage.

Ungar har ei fantastisk evne til å gjere noko lite, om til noko stort. Sjølvsagt både på godt og vondt, men eg snakkar om evna dei har til å kunne glede seg over noko lite. Det fasinerar og overraskar meg like mykje kvar gong. Ting som eg tek for gitt, som å oppdage att favoritt-leike-bilen har frontlys, gir Matias ei slik ubeskrivelg glede, og han kan sitte i timesvis(nei, det er å overdrive, men i allefall i minutt) å studere den nye oppdagelsen.

Idag bestemte vi oss for å gjere noko lite, om til noko stort. Vi kledde oss i regnkle, satte oss i bilen, å kjørte ut på Rjåneset. Med oss i bilen hadde vi ei fiskestang, litt niste, og sjølvsagt Sassy.
Det er ikkje mykje, men det er nok for ein liten gullklump(og for ein stor gullklump) Vi tok med oss "pikk-pakket" vårt ut på dei mange bryggene og svaberga, for å prøve fiskelykka. Matias brydde seg ikkje mykje om sjølve fiskinga, men syntest det var storstas å få leide Sassy i band, og å få plukke litt på diverse steinar rundt omkring. Vi fekk ein fisk til slutt, til stor glede for den største gullklumpen, og sjølvsagt for den minste gullklumpen også. Han har aldri sett ein levande fisk før(bortsett frå akvariumfisk), så dette var storstas. Han "ååå`a" og "oi`a" og ville prøve å klappe den nye oppdagelsen sin.
Eg er ikkje flinke til å bruke naturen kring meg, men eg skal verte flinkare! Og eg skal også vere flinkare til å sjå gleda i dei små ting. Heldigvis har eg ein flott læremeister!

2 kommentarer:

Maria - Lykkelig firebarnsmor sa...

Der fann ej igjen bloggen din :) Nååh for en gogut!! Kjempesøte

Anonym sa...

Godinga :-) Oppdatering på tide no SynN! :-)