mandag 5. oktober 2009

Lite blogging, mykje nytt..

No er det godt over ein månad sidan eg blogga sist. Verken tida eller lysta har vore der. Eg likar svært dårleg å ikkje ha tid til å blogge. Og enda dårlegare at eg ikkje har hatt lyst til det.

Noko av grunnen til at det har vore lite blogging, er fordi eg har byrja å jobbe igjen, etter 2 år heime. Eg er "berre" ekstrahjelp på Ørstaheimen, og tek dei vaktene som er tilovers, men jammen har det vore ein del jobbing likevell. Kjekt er det, men slitsamt. Det verste er at eg går glipp av ting heime. Matias er ikkje i barnehagen, sidan planen min var å vere heime eit år til å forbetre vitnemålet mitt frå vidaregåande. Men heldigvis er Sigbjørn heime, så Matias er iallefall i gode hender.


Matias veks for kvar dag som går, og kvar dag byr på nye utfordringar og nye ting å meistre. Orda kjem som perler på ei snor, og latteren sit laust. Samtidig ser vi at viljen kjem sakte, men sikkert, og han har vorte svært flink til å protestere. Berre småting som å ete opp skiva kan by på nokre utfordringar, men vi trøystar oss med at det vert verre etterkvart som åra går ;)


Matias her dessutan fått sin første hårklipp. Noko som reiv godt i morshjartet. No er dei flotte krøllane vekk, og hadde det vore opp til meg hadde krøllane fått vokse seg lengre, men eg er nok litt lett påvirkelig, så krøllane måtte ofrast. Men, no slepp eg komentarar om at han såg ut som ei jente osv(nokre folk er berre skikkelig frekke...!)

Vidare har eg (endelig) fått operert kjeven, noko eg har venta på, så no sit eg med kjeven i lås, og slit eigentleg litt med det. Såg for meg at dette ikkje kom til å vere noko "big deal", men jammen er det ikkje berre enkelt å ikkje kunne ete anna enn flytande mat. Men, det verste med heile greia er at eg ikkje har lov å styre så mykje med lissje gullklumpen min. Eg kan ikkje lyfte og bære han, og heller ikkje kose og klemme. Dette fordi eg må passe meg for å få slag mot kjeven/haka, og ein liten gullklump forstår ikkje at ein brå bevegelse, lett kan føre til enda fleire veker med kjevelås for mamma. Håper desse 5 vekene går fort!



Litt spreke har vi vore, sjølv om tida har vore knapp. Matias storkosar seg i bæreselen, og vil gjerne vere med på tur :)
Treng ei lita matpause når ein er på fjelltur.Sassy også får smake.
Nydelig bukett eg fekk med Matias (og mamma), Kjekt med friske blomster!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kjem en tur på besøk neste veke Synnøve :-) Pip du når du føle dej i form ;)

Randi Kristine sa...

Endelig litt blogging:D ej he venta på det:D kjekt å lese! vekene går nok rasande fort, under tre veke til ej e heime å då e du snart ferdig:) ej kan anbefale bali kremet kyllingsuppe viss du vil ha tips:D den e veldig gode! gler mej til å sjå dej! å du veit at du berre må komme å besøke mej ei helg, ta en liten ferie her:D du he mest sannsynlig 3 år på dej so satsa på at det klaffa en eller annen gong:)

Livets landeveg sa...

hehe, ja va på tide :) gleda oss slik til du kjeme heim, åso e de so kjekt at du skal vere heime ei stund også :)
jepp, må få til en tur til bergen, de he ej veldi lyst til!!