fredag 26. februar 2010

26 Februar, 2008




Frå bloggen min, 26 Februar, 2009


Vesle skatt...

I dag er det eitt år sidan vi møttes. Eg har hatt ein klump i halsen lenge no. Har lyst å gråte, men får det ikkje heilt til. Tenk at det er eitt år sidan. Det verkar så mykje lengre, men samtidig så er det nettopp. Kjennes som om eg har kjendt deg heile livet, og eg kan ikkje huske livet utan deg. Og ikkje vil eg huske det heller. Kvifor huske livet før det vart fullkomment?

Vi har opplevd mykje det siste året. Våkenetter, frustrasjon, gråt, men mest av alt glede, latter, smil,meistring. Eg har venta i spenning på kvar nye ting du har klart, krype, sitte, gå. Og ikkje minst første gongen du sa "mamma". No kjem orda som perler på ei snor, og du spring omkring på golvet. Du har vokse deg stor og sterk. Du er blid som ei sol,og ein liten luring. Og mykje vilje er det i vesle kroppen. Du er så flink til så mykje, og mamma er så ufatteleg stolt av deg.

Sjølv om eitt år har gått, så har eg ikkje gløymt 26 februar 2008. Minna frå den dagen gøymer eg i hjartet mitt. Dei minna er skattane mine, akkurat slik som du er skatten min. Du var nydelegare enn eg hadde drøymt om. Så liten,så varm og god. Så fantastisk fullkommen. Og det beste av alt var at eg fekk kalle deg sonen min, min sin. Lukta di, ansiktet ditt, den mjuke huda di. Oss 2, bundne saman for alltid, ikkje lenger av ein navlestreng,men av kjærleik.
Eg elskar heile deg,skatt, kvar ein millimeter. Og kvar dag takkar eg for at du er sonen min.Perfekt på alle måtar. Fantastisk fullkommen. Den nydelegaste i verda, og den eg ikkje klarar meg uten.

Gratulerer med dagen din Matias, håper dagen din vert fin, og at du får alt du ynskjer deg. Ikkje berre i dag, men resten av livet.


Bildet e tatt for nøyaktig 2 år sida. På klokkeslettet faktisk.




Ej kan ikkje gjere anna enn å signere detta innlegge. Mykje he forandra sej på ett år. Både motorikken og språket. Men følelsane e dei samme. Ej e fortsatt litt frynsete, å de vil ej nok sikkert fortsette å vere på slike daga. Men til tross for klumpen i halsen, he ditte vore en veldig koselig dag! Vi he kosa oss, vi 3. I morga blir de familie selskap, med mykje gave. Matias e vartfall blitt veldig klar over at bursdag=pakke. Å han ramsa opp fleire ganga idag, kenn han skal få pakke me.


Ej he prøvd å bake litt kake idag. Om resultatte vart bra, gjennstår å sjå til i morga. Ej trur nok ej e flinkast til gjærbakst, sann e de berre.



Men for å avslutte innlegge mitt;





Gratulere me 2 års dagen din, skatten vår. Vi e uendlig stolte av dej, kvar einaste dag! Elska dej over alt på jord,heile tida!

4 kommentarer:

Kristine sa...

For et hærlig innlegg snuppa!! og igjen, gratulere med 2 års dagen til den nydelige skatten dåkka!!
de e en sånn gode, snilde og ikkje minst kjempe flinke gut dåkke he atte!! me e so glade i na atte, og i dåkke med:)

store klem herifrå:)

Livets landeveg sa...

Takk vennen <3

Anonym sa...

Ååh, tåre i auinje! Gratulere me 2 åring i hus. Skulla gjerne ha vår der atme dokke, men me teke de ijen :) Onsdag baby! <3

Randi Kristine sa...

ej fe klomp i halsen av å lese ej:) gler mej til å sjå dokke! berre tre daga til:D