lørdag 2. juli 2011

Matias sin song

Trykk her--->http://www.youtube.com/watch?v=eiy6VY-6G1Y

Matias sin song

Sol gjekk ned bak dei mørke fjell,
snart er dagen over, no er det kveld.
Kvil deg no, du min vesle skatt.
No skal barnet sove, snart er det natt

Sov, mitt barn.
No er det mørkt der ute.
På di velse pute,
er det trygt og godt.
Sov, mitt barn.
Ein engel passar på deg.
Gode ting skal nå deg,
i den nye dag

Sov godt

Månen lyser på jorda ned.
Tusen stjerner blinkar,no er det fred.
Dagen søv bak den mørke sky,
til den lyse morgon, vaknar på ny

Sov, mitt barn.
No er det mørkt der ute,
på di velse pute,
er det trygt og godt.
Sov, mitt barn.
Ein engel passar på deg.
Gode ting skal nå deg,
i den nye dag

sov godt

sov så stilt i di vesle seng,
enno kviler fuglen under sin veng.
Snart kjem dagen og sola skin,
ut til leik og glede, Dagen er din!

Sov, mitt barn.
No er det mørkt der ute,
på di velse pute,
er det trygt og godt.
Sov, mitt barn.
Og snart ligg du og drøymer.
Natta berre gøymer,
på den nye dag.

Sov godt

Dinne songen fikk Matias i julegave med Bess og Tante Elise, jula 2008.
Ej synge den til Matias (å Johannes),stort sett kvar dag, å han kan dela av teksta sjøl. Å han e veldig klar over at den e laga berre til han. Matias sin heilt egen song. Han e heldig. Å Bess å tante e flinke.

I disse tide, finne ej mykje trøst i dela av teksta.
"Dagen søv bak den mørke sky. Til den lyse morgon, vaknar på ny"
"natta berre gøymer, på den nye dag"

Vi går igjennom ei tøff tid no, heile familia, å de e godt å vite at etter en tung å vanskelig dag, kjem de en ny. En ny dag, blank å ubrukt, å den kan bli so mykje bedre en dagen før.
Derfor høyre ej mykje på dinne songen akkurat no.

Ta godt vare på kvarandre. Tida enn he ilag me dei enn e glade i, e alt for dyrebar til å sløse vekk.

2 kommentarer:

E.T sa...

Tenke på dokke <3

Anonym sa...

Kva har skjedd?