mandag 13. oktober 2008

Vekas utfordring


"Velkommen til ei ny episode med: Synnøve gjer ting ho ikkje kan!"


Synnøve bestemte seg plutselig ein dag for at ho trengde nye gardiner. Dei ho hadde var 2 år gamle, og det var på tide med ei fornying. Utfordringa for Synnøve var dette: Korleis stryke gardiner?! Synnøve har berre hatt eit strykejern i handa ein gong før, og det var på barneskulen då ho måtte stryke forklede sitt i heimekunnskap.

Synnøve søkte professjonell hjelp. Denne personen har stroke(strykt?) utallige gardiner, bunadskjorter, skjorter, barnekle og dukar. Men proffen(mamma) sa at ho måtte prøve sjølv.

Synnøve starta med friskt mot, og tenkte at dette går strålande. Men etter ei gardine, kunne ein høyre setningar som : hive den ut på plenen, levere tilbake, berre ha èi gardin, gjer det noke å ikkje ha gardine da?, henge opp dei ej hadde før.
Men etter langt om lenge vart ho ferdig, og resultatet? Kunne garantert ha vore betre, men ikkje så aller verst.



Ingen kommentarer: