søndag 16. november 2008

Gode,gamle leike- gode,gamle minne

Vi har dei siste vekene funne fram litt nye, meir utfordrande leike til Matias. Og heldigvis slapp vi å kjøpe nye, for på loftet heime på Vatne, fann vi mange kjekke leike. Det som var litt artig å sjå, var kor fine desse leike var, sjølv om noken av dei er 20 år. Alle klistermerka var framleis der dei skulle, og alle var i god stand, til tross for at dei har vore flittig brukt.


Denn telefonene var ei av leikene vi henta på loftet. Sjå kor fin den er berre!


Dette kassaparatet vart kjøpt til meg då eg var lita. Og dette har eg leika meg mykje med. Sommarane brukte eg, Randi-Kristine, Ingrid og Elise å leiek butikk på altanen heime. Og då måtte vi sjølvsagt ha eit kassaparat!

Ingen kommentarer: