søndag 22. mars 2009

På tide med ei oppdatering

Tenkte det var på høg tid med ei oppdatering. Mykje har skjedd siste tida, både i heimen(vatne) og i huset(vallabøen).
I huset har vi delt inn romma i kjelleren, og begynt å sparkle diverse tak- og veggplater. Vidare har vi saga hull til trappa, så no begynner ting å ta form. Men framleis MYKJE igjen, og eg klarer ikkje heilt å sjå enden på dette prosjektet her. Det er ikkje berre enkelt å bu i kasse, noko vi har gjort i 2 mnd no. Eg har mista heilt kontrollen på det meste av klesvask, og "kokke-kunstane" har eg gløymt, sidan vi her på Vatne har både hushjelp og kokk(mamma). Eg er evig takknemlig for all den hjelpa vi har fått, både i form av husly og barnepass. Men no kjenner eg at det skal bli godt å komme seg i hus igjen, for det kan vere travelt å bo på hotell også.

Gangen før. men sjølvsagt etter vi hadde rive vekk panel og golv.

Sterke karar. Golvet vi saga igjennom besto av fleire tunge lag med betong, så det er jammen godt at vi hadde god hjelp til å løfte vekk desse tunge elementa. Ganske grisete og rotete arbeid.

Plutseleg(etter ca 12 timar med arbeid) hadde vi hull i golvet. No er det ingen veg tilbake!

Her er rommet til Matias. Gledar meg stort til å begynne å tapetsere og dekorere barnerommet.

Her kjem soverommet vårt. Eg er dessutan så heldig at eg får walk-in-closet på soverommet, so no er det berre å begynne å shoppe nye kle ;)

Ingen kommentarer: