Julafta er godt overstått for denne gong, og vi sitt att med mange gode minne, og mykje fine bilde. Som vanlig er eg litt treig med å legge ut bilde og diverse, men her kjem i allefall litt frå julafta.

Juletreet og julepynten var veldig spennande. Besta er heldigvis ikkje så streng, så Matias fikk lov å kjenne litt på pynten.

Ei lita kose-stund på mamma sitt fang. Matias har hatt besøk av dei 3 S-ane denne jula (snørr, slim, og slev), hatt litt feber og generelt i dårlig form, men no er han heldigvis betre.

Sjølv om forma ikkje var på topp, var han i storform då dei store pakkane vart "lempa" inn døra.

" Soooo store pakke" Ein av mange pakkar!

Vår lille familie. Var ganske spesielt å vere Mamma denne jula. I fjor var eg nesten høg-gravid, og kunne så vidt sjå på juleribba før kroppen begynte å samle vatn. I år kunne eg ete det eg ville, og det kjekkaste av alt, var sjølvsagt å få sjå kor glad Matias var over å få vere ilag med alle sammen, og kor han glad han vart når han fikk tygge på litt papir og band ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar