fredag 5. desember 2008

Mykje nytt..

Det har rett og slett ikkje vore mykje tid til blogging i det siste, men her kjem ei lita oppsummering. Matias er no 9 mnd, og mobiliteten forandrer seg stadig. Det kjekkaste han veit no, er å gå etter bilen sin. Han driv også å eksprimentra med å røyse seg rett opp frå golvet utan å holde seg til noko, og han klarer å stå sjølv utan noko å støtte seg til. Eg vert forundra for kvar nye ting han klarer. Slike ting som eg tek som ei sjølvfølge, som å plukke opp noko frå golvet med tommelen og peikefingeren, må Matias trene på. Og no meistrar han pinsettgrepet heilt perfekt.






Vidare var vi til Førde forige fredag, på besøk til Randi-Kristine. Hadde tenkt å ta bilde av tante Kia og Matias, men då det var tid for fotografering, sov Matias. Men vi fekk handla litt julegave, og det var også ein tur innom H&M, der eg fann julekle til Matias. So no slepp han å gå i joggedress på julafta.... ;)


Lørdag til Søndag var eg og Sigbjørn på julebord i Ulsteinvik med Volda Maskin, og Matias var på ferie fram på Vatne.

Mandag låg vi rett ut både liten og stor, hardt ramma av influensa. Til og med Sassy var litt gåen, etter ei helg på besøk med bestefar Gunnar. Men no er vi heldigvis på bedringens vei, og kan fortsette med diverse juleforberedelsa.


Onsdag hadde vi besøk av onkel Robin, og han og Matias leika og kosa seg. Men det er ikkje alltid så enkelt å vere stor onkel som vil leike, medan Matias øydelegg. Men onkel Robin er flink og tolmodig å prøver så godt han kan å forklare Matias at : no va de EJ so leika me den, MAtiAS!


4 kommentarer:

Anette og Marius sa...

Hærle..litt same greiene på gong her i huset. Hekje fått oppdatert bloggen min på ei stond, men he bilde og video klar til ej fe gjen dataen frå rep;-)
Gleda mej te å sjå dokke gjen snart!;-)
Treff på tirsdag, sant?
Ej håpe ej kan kome, men d e en sjanse for at ej må jobbe, fe sjå.

Livets landeveg sa...

ja, ej me drive å prøve å få inn video, men av en eller annen merkelig grunn så går ikkje de:( jepp, tirsdag e vi klar, blir kjekt å sjå alle igjen, blir nesten sann enn savna kvarandre når de e lenge sida :)
håpe dokke også kan, Marius å Matias leika sej so kjekt ilag, eso hærlig å sjå :)

Solveig sa...

Hei. Kom vist innom her plutseli å såg de va du! E helt ferske her i bloggland, men syns no de e litt arti for det! Flira når ej las om jakta på julekleda.. hehe.. Sleit me de same du! Tusenvis ta fine kjola t jentene, å minimalt t gutane! Irriterande! Ej endte opp me å bestille i H&M :)
Legge dej til på lista mi ej viss de e greit! :) Klem

Solveig sa...

Flott! Må berre ta dokke en tur en dag.. Me e no stort sett heime me so.. :)
God helg! :)