onsdag 29. april 2009

mykje stress, lite tid...

Tida går så altfor fort. Og dagane går med til oppussing, oppussing og atter oppussing. Og no kjenner eg at eg er kjempe lei! Eg vil aldri meir sjå ein malekost eller ei sparklespade. Spesiellt ikkje dersom desse skal brukast i taket. Eg kan nok ikkje klage så atlfor mykje, sidan det er Sigbjørn som har gjort mesteparten av arbeidet. Eg har slite med låst nakke i ca 14 dagar no, og har eigentleg låge rett ut. Mandag var eg å opererte ut ei visdomstann, eigentlig ein heilt ufarleg og ukomplisert operasjon, men i går fekk eg høg feber og var skikkelig dårleg og måtte ein tur på legevakta. Der fikk eg pencillin osv fordi eg hadde fått betendelse i såret. So no ser eg ut som ein flodhest på høgre sida av fjeset, og blir etterkvart både blå og gul. Så humøret er ikkje på topp, akkurat no.




Men før alt dette skjedde, hadde vi nokre flotte dagar ute i den deilige vår/sommar-sola. Ingenting er så deilig som å leike ute heile dagen. Matias er ein racer på å springe og klatre for tida, så han er høgt og lavt til ei kvar tid. Det positive med det er at han er stuptrøtt til kvelden, og søv heile natta. Berre positivt med sol og sommar altså :)




Matias kosar seg med sin aller første is. Han hadde litt problem med å forstå korleis han skulle ete den, ville helst bruke skeid, men etter litt utforsking fekk han det til. Dette var : mmmmmmmmæh (nammenam)



I huset er vi ENDELEG ferdige med taka(vurderar du gipstak, har eg maaange grunnar til å ikkje velge det), gangen oppe og nede er ferdig plata, so no er det "berre" bada som må flisast, diverse tapetsering, listing, maling av glasskarm og litt ymse småpjask som står igjen før vi kan få flytte heim. Så er vi heldige, har vi fått flytta heim i slutten av mai.

So slik er ståda her i garden. Ha ein strålande dag vidare :)

Ingen kommentarer: