onsdag 25. februar 2009

Vesle skatt...

I dag er det eitt år sidan vi møttes. Eg har hatt ein klump i halsen lenge no. Har lyst å gråte, men får det ikkje heilt til. Tenk at det er eitt år sidan. Det verkar så mykje lengre, men samtidig så er det nettopp. Kjennes som om eg har kjendt deg heile livet, og eg kan ikkje huske livet utan deg. Og ikkje vil eg huske det heller. Kvifor huske livet før det vart fullkomment?


Vi har opplevd mykje det siste året. Våkenetter, frustrasjon, gråt, men mest av alt glede, latter, smil,meistring. Eg har venta i spenning på kvar nye ting du har klart, krype, sitte, gå. Og ikkje minst første gongen du sa "mamma". No kjem orda som perler på ei snor, og du spring omkring på golvet. Du har vokse deg stor og sterk. Du er blid som ei sol,og ein liten luring. Og mykje vilje er det i vesle kroppen. Du er så flink til så mykje, og mamma er så ufatteleg stolt av deg.

Sjølv om eitt år har gått, så har eg ikkje gløymt 26 februar 2008. Minna frå den dagen gøymer eg i hjartet mitt. Dei minna er skattane mine, akkurat slik som du er skatten min. Du var nydelegare enn eg hadde drøymt om. Så liten,så varm og god. Så fantastisk fullkommen. Og det beste av alt var at eg fekk kalle deg sonen min, min sin. Lukta di, ansiktet ditt, den mjuke huda di. Oss 2, bundne saman for alltid, ikkje lenger av ein navlestreng,men av kjærleik.

Eg elskar heile deg,skatt, kvar ein millimeter. Og kvar dag takkar eg for at du er sonen min.Perfekt på alle måtar. Fantastisk fullkommen. Den nydelegaste i verda, og den eg ikkje klarar meg uten.

Gratulerer med dagen din Matias, håper dagen din vert fin, og at du får alt du ynskjer deg. Ikkje berre i dag, men resten av livet.

tirsdag 17. februar 2009

Bilde frå fotografen

For 3 veker sidan var vi til fotograf Lene Aklestad, for å ta bilde av Matias og oss. Idag fekk vi bilda, å gjett om vi er fornøgde med resultatet! Eg var skikkelig spent på korleis bilda vart, sidan Matias var ganske trøtt og sur den dagen. Men Lene har klart å fanga smila, og bilda vart kjempe fine.
Eg og Matias. Nesten det einaste bilde som finnast av Matias og meg, så vart glad for at det vart fint.
Familia vår. Og det første familiebilde.

Verdas nydeligaste gutt.


Solstrålen vår. Ord kan ikkje beskrive kor uendeleg glad vi er i denne vesle krabaten.



søndag 15. februar 2009

Børsta støv av ridehjelmen

Hestedilla ramma meg hardt i 10-11 års alderen. Og eg maste, trygla, ba på mine kne, om eg værsåsnill kunne få en hest. Då eg var 13 år, ga mamma og pappa endelig etter, og 17 juni, på 13- årsdagen min, fekk eg/vi ein nydelig flott, men sta islandshest med navnet Von. Lykke! Etter dette har fleire hestar fått husly her på Vatne. Fengur, som er min hest, var nr 2. Så kjøpte vi Bera og Skella eit par år etter. Bera var på det tidspunktet drektig, og avkommet fekk navnet Eir. Så då hadde vi 5 islandshestar.


Desverre begynte hestedilla å forlate meg på den tida, og no ville eg ikkje meir. Heldigvis for hestane hadde Elise fått interessa, så no kunne ho stelle med dei.


Men no har eg børsta støvet av ridehjelmen, leita fram den gamle ridebuksa, og plassert rumpa godt nedi salen igjen. Og det var kjempe deilig!

Her er eg og Fengur på ridetur idag. Ridebuksa er falma,og jakke er eit par nummer for stor, men både hesten og teknikken fungerar enda. Ufatteleg deilig å komme seg ut å ride igjen. Nyte naturen, og tenkte tilbake på gode, gamle dager.

torsdag 12. februar 2009

Herlig bakverk

Eg kan ikkje skryte på meg at eg bakar ofte, og heller ikkje at eg er særleg flink, men nokre gongar "glimtar" eg til, og tek meg tida til å lage noko frå botnen av. For ein må berre innsjå det; heimelaga er som oftast det beste. Fordi det er nettopp heimelaga, men også fordi det er laga med omtanke.Mmm, kakerøre er alltid godt. Rett og slett herlig.

Men, tilsett sjokoladebitar, og opplevelsen av kakerøra vert himmelsk;)

Ferdig! Rykande ferske, rykande varme, og knall gode!

mandag 9. februar 2009

Forresten..

Eg vann forresten ei kake til morsdagen, mi første faktisk:)

Fin eller? Eg likar ikkje marsipankake, men er mange andre som likar det her i huset. Og ei kake kjem godt med uansett....

Matias ville også smake. Han tok eit godt grep i duken, og drog kaka til seg. Og her ser du kva som skjedde. Lissje luringen slikka godt av fingrane etterpå og var skikkelig fornøgd med seg sjølv.

søndag 8. februar 2009

Støyping av badgolv

Laurdag vart det støypedugnad heime i huset. Denne gongen var det badgolvet som sto for tur. Gunnar sto ute å blanda, medan eg og Pappa bar bøttevis med betong inn på badet. Sigbjørn låg på alle 4 å "jammna" golvet når det var behov for det. Laurdagskvelden satt vi i kvar sin godstol, ømme og stive i skuldra og rygg. For det er tung å bære betong, skal eg seie deg.
Gunnar og Pappa. To kjempe gode hjelparar.

Gunnar lempa ein heil del sand og sement. Han har vore kjempe god hjelp i dette oppussingsprosjektet. Mykje eg og Sigbjørn ikkje veit, og då er det greit å ha eit bygge/støype orakel.


Sigbjørn i aksjon. Flinke "jammnar"

Min første morsdag



Idag har eg fått feira min første morsdag. Og denne fine buketten fekk eg i morsdagsgåve med Matias. Ein solskinnsbukett, frå vesle solstrålen min.

onsdag 4. februar 2009

Ein dag i januar


Dette bilde tok eg ein ettermiddag eg gjekk tur. Det var akkurat begynt å bli mørkt, men eg fekk likevell med all den fine isen som låg langs vatnevatnet. Fint, synes eg.

søndag 1. februar 2009

Oppdatering frå oppussinga..

No er golvet på kjelleren støypt, taket i stova er nesten "ferdig flatt", og vi held på å slå opp golvet på badet oppe. Det går fortsatt seint i svingane, men vi tek ein dag av gongen. Oppussinga vart meir krevande enn vi hadde tenkt, og det dukkar stadig opp nye ting, men vi prøvar å sjå positivt på det. No får vi i allefall nok plass!

Det vert gipsplate på stove/kjøkkenet. Støvet i lufta er betongstøv, ettersom Sigbjørn og Gunnar fjerna betong-golvet på badet.

Her kjem trappa ned i kjelleren. Fortsatt ein del arbeid før her er innflyttningsklart.

Her skal soverommet vårt, og soverommet til Matias vere. Forløpig berre èit vindu. Der isolasjonen ligg, skal Matias sitt rom vere.


Her kjem bad og eit lite soverom/bud. Mykje god plass :)